Oster

Fakta om fartyget

Längd125 fot
Bredd21,7 fot
Byggår1908
VarvChristianssands Mek verkstad
Maskinstyrka300 Hkr
Passagerare99 (från början 312)
BränsleOlja

Trafik

Oster är i trafik från slutet av april till mitten av september och är med på kulturarrangemang och hyrs ut till charter i Bergensregionen.

Allmänt om fartyget

Här har jag kopierat lite från deras hemsida och kompletterat med information från Tor J Bjørgaas.

D/S OSTER vart bygt for Indre Nordhordlandske Dampskibsselskap i 1908, for å gjera slutt på den årlege vinterisolasjonen som oppstod når fjordisen la seg.

Ein fjordabåt med sterkt skrog og sterk maskin vart bygt i Kristiansand og vart levert i november i 1908. Båten fekk navnet D/S OSTER og innfridde alle forventningane mht. å vera isbrytar og gjorde slutt på vinterisolasjonen for Modalen og Eksingedalen. D/S OSTER vart ein levande legende, som folket som han skulle tena vart krye av.

OSTER var fjordabåt fram til 1964, då vart dampkjelen underkjent og let seg ikkje reparere.

I 1963 skreiv døvepresten Ragnvald Hammer songen Dar Kjem Dampen til ære for OSTER. Denne songen sette trubaduren Ivar Medaas tone til og framførte ds. i 1963 og songen er ofte å høyre på radioen fortsatt. Denne songen var med på å halda liv i minnet om desse gamle fjordabåtane, som forsvant iløpet av 1960-talet.

I 1966 kom fartøyet i fart som fraktebåten Vaka og framdrifta vart besørga av ein Caterpillar dieselmotor på 300 hk.
Vaka hadde eit fartsområde som strekte seg frå Kirkenes til Luleå.

Ved juletider i 1995 gjekk Vaka i opplag og den 8. mars 1996 vart fartøyet overtatt av veteranbåtlaget og fekk navnet  m/s Gamle Oster. Restaureringsarbeidet kom straks i gang og ved Nordsteam 2000, i august 2000, kom fartøyet inn på Vågen som # 30, no med navnet d/s OSTER og ble tatt imot av ca. 40.000 frammøtte.

Maskina er på 300 ihk. og er bygt av A. Hall & Co. i Aberdeen i 1927. Maskina var ibruk ombord i grabdredgeren Clearway like fram til 1992. Blei kjøpt av Nordhordland Veteranbåtlag i 1998 og installert ombord i OSTER i år 2000.

Dampkjelen vart bygt i Frankrike i 1957, installert ombord i Clearway i 1972 og i OSTER i år 2000. Kjelen fyrast med dieselolje.
Oljefyringsanlegget vart kjøpt komplett i Holland, men er ex den Britiske marinen.